Volve Vokal: Etterlandskap
Torsdag 9. mars
19:00
Billetter: 290,- > 320,-
Volve Vokal gler seg over å presentere Etterlandskap, som er utvikla i samarbeid med kunstnar Line S. Hvoslef, regissør Hild C. Vang og dirigent Thea Meidell Sjule.
Kvar tone, rørsle, farge og uttrykk er ei fortsetjing, eit motsvar, ein protest – ei stadfesting på det som har vore – likt naturen sine svar og improvisasjonar over endringar i økosystemet. Der det soniske er i endring, vil det visuelle spele med, overdøyve, trekke seg attende eller overgje seg, for så å spire opp ein annan stad, i ei anna form, og tvinge landskapet til tilpassing - i eit evig krinslaup der alt er både ein start og ein ende.
Vårt Etterlandskap oppstår i symbiosen mellom Hvoslef sine bilete, songarane som rører seg i landskapet og tolkningar av nordiske komposisjonar og tekstar.
Dirigent: Thea Meidell Sjule
Regi: Hild Cecilie Vang
Scenografi: Line S. Hvoslef
TILKOMST / ACCESS
Vi har tilkomst fra gatenivå, tar imot servicehunder og har toalettfasiliteter tilgjengelig for alle kjønn og tilrettelagt for rullestolbrukere. Bergen Kjøtt støtter aktivt opp om et antirasistisk, inkluderende miljø fritt for trakassering og diskriminering. Alle kjønn, alle bakgrunner og funksjonsevner, hos artister, ansatte og publikum blir verdsatt og respektert hos oss. Velkommen!
We have access from street level, welcome service dogs and have toilet facilities available for all genders which are wheelchair accessible. Bergen Kjøtt actively supports an anti-racist, inclusive environment free from harassment and discrimination. All genders, all backgrounds and abilities, in artists, employees and our audiences are valued and respected here. Welcome!